Rognebærmøllvarsling

Rognebærmøllen kan vera ein alvorleg skadegjerar i eple, men berre i dei åra det ikkje er nok eggleggingsstader i rognebær. Rognebærmøllen klekker frå overvintrande pupper på våren, og for å vurdera om det er fare for angrep må ein både vita kor mykje rognebær det var året før, og kor mykje rognebær det er i høve til vaksne rognebærmøll inneverande år.

Prognose for angrep vert rekna ut for meir enn 50 stasjonar fordelt på alle fruktdistrikt (sjå kart). Varslinga av rognebærmøll er eit samarbeid mellom lokale rådgjevarar i NLR og NIBIO.

Fordi utviklinga til rognebærmøllen er avhengig av temperatur, kan utviklingsfarten og tidspunkt for tiltak variera mellom ulike område. For å vurdera når ein skal setja inn tiltak må ein vita når rogna stod i full blom og så rekna varmesummen ut frå det.

Du kan lesa meir om rognebærmøll i Plantevernleksikonet og meir om varslingsmodellen her, eller i infoskrivet VIPS Rognebærmøll.

Generelle meldingar om prognose, utvikling og tiltak finn du her.

Meldingar

Mangel på eggleggingsstader i rogn fører til fare for angrep av rognebærmøll i eple

Det er no utarbeidd varsel om fare for angrep av rognebærmøll i eple i dei viktigaste fruktdistrikta i Noreg. Både på Vestlandet og Sør-Austlandet er det fare for angrep. Det vil alltid vera variasjonar, så det er viktig å ta med seg tidlegare erfaringar om rognebærmøllangrep i eigne frukthagar. Full blom på rogna er utgangspunktet for å finna rett tidspunkt for tiltak og det vil variera mellom lokalitetar. Modellen i VIPS vil gje informasjon om når sverming, egglegging og klekking av egg er venta, men her må det leggjast inn tidspunkt for full blom og stasjonen som ligg nærast det aktuelle feltet. Ta kontakt med NLR for å diskutera aktuelle tiltak.

Varsel om fare angrep av rognebærmøll er ferdig klart for enkelte stasjonar.

Rapport om blomemengde på rogn kjem no inn frå dei ulike stasjonane. Varsel om fare for angrep er rekna ut for nokre av stasjonane i Hardanger, Sogn, Ås og Ryfylke. Så langt viser modellen at det er fare for angrep i alle desse områda.

  • Fare for angrep
  • Mulig fare for angrep
  • Ingen fare for angrep
  • Varsel ikkje rekna ut

Varmesum for rognebærmøll


Utviklinga til rognebærmøll er avhengig av temperatur, slik at utviklingsfarten og tidspunkt for tiltak vil variera mellom distrikt. For å vurdera tidspunktet må du ha notert når rogna sto i full blom (50% av klasen er dekka med opne blomar) og rekna ut varmesummen (døgngrader) etter det.



Eg vil bruka vêrdata



Foto: Sverre Kobro og E. Fløistad, NIBIO